Med Samson Avsenius, Leo Silber, Tjerand Fonn, Pål Seland og Gro Ruud utvida norsk litteratur sitt galleri av fabelaktige og kontroversielle heltar. Lesaren blir sugd inn i gripande slektskrøniker og fortvilte slektshistorier. Denne romanen er dertil eit stort anlagt forsøk på å gripe eit tidsskifte vi er ein del av. "Kron og mynt" artar seg som ei fornying, eller gjenføding, av den barokke realismen.